Sosioøkonomisk struktur og økonomisk åtferd
Samandrag Artikkelen tar føre seg samfunn i Fiskar-Noreg (det vil seie der dei store eksportfiskeria dominerte), Norden og også nokre andre nordatlantiske kystsamfunn på 1800-talet. Korleis utbyttet frå fiskeria var fordelt mellom fiskarane og også – der det gjeld – mellom fiskarane og j...
Saved in:
| Main Author: | |
|---|---|
| Format: | Article |
| Language: | Norwegian Bokmål |
| Published: |
Scandinavian University Press
2019-01-01
|
| Series: | Heimen |
| Subjects: | |
| Online Access: | https://www.idunn.no/heimen/2019/03/sosiooekonomisk_struktur_og_oekonomisk_aatferd |
| Tags: |
Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
|
| Summary: | Samandrag
Artikkelen tar føre seg samfunn i Fiskar-Noreg (det vil seie
der dei store eksportfiskeria dominerte), Norden og også nokre andre
nordatlantiske kystsamfunn på 1800-talet. Korleis utbyttet frå fiskeria
var fordelt mellom fiskarane og også – der det gjeld – mellom fiskarane
og jordherrane/handelsmennene, vil bli tatt opp. Eigedomsforhold
til båtar (sameige eller eineeige) og reiskap i Fiskar-Noreg vil
bli drøfta. Det same blir samanhengen mellom utbyttet av fisket og
storleiken på jorda som fiskarbøndene eigde eller leigde. Var det
ein samanheng mellom storleiken på gardsbruka – eller det å ikkje
ha jord – og korleis ein gjorde det som fiskar? Den sosiale strukturen
innetter i fiskarbondesamfunnet vil bli problematisert, og også
– og ikkje minst – graden av avstand mellom fiskarallmugen og handelsmannen
og eventuelt væreigaren. Dei regionale kontrastane mellom forholdsvis
egalitære og meir lagdelte og sosialt stratifiserte regionar blir
framheva, og sentralt i artikkelen står drøftinga av kva forskjellige
regionale sosioøkonomiske strukturar hadde å seie for utviklinga
av fiskerinæringa. Var det klare forskjellar mellom meir egalitære
kystsamfunn og meir lagdelte og sosialt stratifiserte kystsamfunn?
Artikkelen konkluderer med at forskjellige regionale sosioøkonomiske
strukturar i Noreg og i Nord-Atlanteren kan ha hatt mykje å seie
for forskjellig regional utvikling av fiskerinæringa frå siste halvparten
av 1800-talet. |
|---|---|
| ISSN: | 0017-9841 1894-3195 |