Sosioøkonomisk struktur og økonomisk åtferd

Samandrag Artikkelen tar føre seg samfunn i Fiskar-Noreg (det vil seie der dei store eksportfiskeria dominerte), Norden og også nokre andre nordatlantiske kystsamfunn på 1800-talet. Korleis utbyttet frå fiskeria var fordelt mellom fiskarane og også – der det gjeld – mellom fiskarane og j...

Full description

Saved in:
Bibliographic Details
Main Author: Arnljot Løseth
Format: Article
Language:Norwegian Bokmål
Published: Scandinavian University Press 2019-01-01
Series:Heimen
Subjects:
Online Access:https://www.idunn.no/heimen/2019/03/sosiooekonomisk_struktur_og_oekonomisk_aatferd
Tags: Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
Description
Summary:Samandrag Artikkelen tar føre seg samfunn i Fiskar-Noreg (det vil seie der dei store eksportfiskeria dominerte), Norden og også nokre andre nordatlantiske kystsamfunn på 1800-talet. Korleis utbyttet frå fiskeria var fordelt mellom fiskarane og også – der det gjeld – mellom fiskarane og jordherrane/handelsmennene, vil bli tatt opp. Eigedomsforhold til båtar (sameige eller eineeige) og reiskap i Fiskar-Noreg vil bli drøfta. Det same blir samanhengen mellom utbyttet av fisket og storleiken på jorda som fiskarbøndene eigde eller leigde. Var det ein samanheng mellom storleiken på gardsbruka – eller det å ikkje ha jord – og korleis ein gjorde det som fiskar? Den sosiale strukturen innetter i fiskarbondesamfunnet vil bli problematisert, og også – og ikkje minst – graden av avstand mellom fiskarallmugen og handelsmannen og eventuelt væreigaren. Dei regionale kontrastane mellom forholdsvis egalitære og meir lagdelte og sosialt stratifiserte regionar blir framheva, og sentralt i artikkelen står drøftinga av kva forskjellige regionale sosioøkonomiske strukturar hadde å seie for utviklinga av fiskerinæringa. Var det klare forskjellar mellom meir egalitære kystsamfunn og meir lagdelte og sosialt stratifiserte kystsamfunn? Artikkelen konkluderer med at forskjellige regionale sosioøkonomiske strukturar i Noreg og i Nord-Atlanteren kan ha hatt mykje å seie for forskjellig regional utvikling av fiskerinæringa frå siste halvparten av 1800-talet.
ISSN:0017-9841
1894-3195