Omsorgsarbeid, omsorgskrise og prekarisering: Inkludering av kvinner med innvandrarbakgrunn i arbeid i kommunale tenester
Ambisjonen med artikkelen er å bidra med ny kunnskap om arbeidsinkludering av kvinner med innvandrarbakgrunn i norsk arbeidsliv, samt å bidra med ny innsikt i prekarisering av arbeid i den norske velferdsstaten. Basert på feltarbeid i ein kommunal helse- og omsorgsteneste kor majoriteten av dei ufag...
Saved in:
| Main Authors: | , , |
|---|---|
| Format: | Article |
| Language: | Norwegian Bokmål |
| Published: |
Scandinavian University Press
2024-12-01
|
| Series: | Norsk Antropologisk Tidsskrift |
| Subjects: | |
| Online Access: | https://www.idunn.no/doi/10.18261/nat.35.3-4.5 |
| Tags: |
Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
|
| Summary: | Ambisjonen med artikkelen er å bidra med ny kunnskap om arbeidsinkludering av kvinner med innvandrarbakgrunn i norsk arbeidsliv, samt å bidra med ny innsikt i prekarisering av arbeid i den norske velferdsstaten. Basert på feltarbeid i ein kommunal helse- og omsorgsteneste kor majoriteten av dei ufaglærte tilsette er kvinner med innvandrarbakgrunn, viser me korleis underskot på kvalifisert arbeidskraft fører til at kommunen som arbeidsgjevar søker nye måtar å kvalifisere sine tilsette. Me viser også korleis kvinner med innvandrarbakgrunn vert inkludert i arbeid i tenestene, deira erfaringar med kvalifisering og deira posisjonering i arbeidshierarkiet. Vårt overordna argument er at i kontekst av den historisk institusjonaliserte arbeidsnorma om deltid, forsterka av nyliberal deregulering av arbeid, så samverkar institusjonelle, organisatoriske og relasjonelle dynamikkar til prekarisering og «re-prekarisering» av omsorgsarbeid. Dette medfører ei «prekær inkludering» av kvinner med innvandrarbakgrunn i arbeid som vert forma av «hyper-prekaritet» kor overlappande sårbarheitar skapt gjennom kjønning og rasialisering av omsorgsarbeid forsterkar kvarandre i posisjonering av kvinnene i arbeidslivshierarkiet. |
|---|---|
| ISSN: | 0802-7285 1504-2898 |