Omsorgsarbeid, omsorgskrise og prekarisering: Inkludering av kvinner med innvandrarbakgrunn i arbeid i kommunale tenester

Ambisjonen med artikkelen er å bidra med ny kunnskap om arbeidsinkludering av kvinner med innvandrarbakgrunn i norsk arbeidsliv, samt å bidra med ny innsikt i prekarisering av arbeid i den norske velferdsstaten. Basert på feltarbeid i ein kommunal helse- og omsorgsteneste kor majoriteten av dei ufag...

Full description

Saved in:
Bibliographic Details
Main Authors: Anette Fagertun, Carmen Theresa Hedlund Quintanilla, Astrid Ouahyb Sundsbø
Format: Article
Language:Norwegian Bokmål
Published: Scandinavian University Press 2024-12-01
Series:Norsk Antropologisk Tidsskrift
Subjects:
Online Access:https://www.idunn.no/doi/10.18261/nat.35.3-4.5
Tags: Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
Description
Summary:Ambisjonen med artikkelen er å bidra med ny kunnskap om arbeidsinkludering av kvinner med innvandrarbakgrunn i norsk arbeidsliv, samt å bidra med ny innsikt i prekarisering av arbeid i den norske velferdsstaten. Basert på feltarbeid i ein kommunal helse- og omsorgsteneste kor majoriteten av dei ufaglærte tilsette er kvinner med innvandrarbakgrunn, viser me korleis underskot på kvalifisert arbeidskraft fører til at kommunen som arbeidsgjevar søker nye måtar å kvalifisere sine tilsette. Me viser også korleis kvinner med innvandrarbakgrunn vert inkludert i arbeid i tenestene, deira erfaringar med kvalifisering og deira posisjonering i arbeidshierarkiet. Vårt overordna argument er at i kontekst av den historisk institusjonaliserte arbeidsnorma om deltid, forsterka av nyliberal deregulering av arbeid, så samverkar institusjonelle, organisatoriske og relasjonelle dynamikkar til prekarisering og «re-prekarisering» av omsorgsarbeid. Dette medfører ei «prekær inkludering» av kvinner med innvandrarbakgrunn i arbeid som vert forma av «hyper-prekaritet» kor overlappande sårbarheitar skapt gjennom kjønning og rasialisering av omsorgsarbeid forsterkar kvarandre i posisjonering av kvinnene i arbeidslivshierarkiet.
ISSN:0802-7285
1504-2898