“Vet du ka som er en kombinasjon?”
Forskingsspørsmålet denne artikkelen tek opp, er korleis morsdialekta, dialektene i familien og i nærområdet og ei oppfatning av standardtalemål kan påverke barn sine tidlege språkval. Artikkelen utforskar talemåla til tre barn over tid og diskuterer årsakene til språkvala dei gjer. I tillegg blir...
Saved in:
Main Author: | |
---|---|
Format: | Article |
Language: | Danish |
Published: |
Septentrio Academic Publishing
2025-01-01
|
Series: | Målbryting |
Subjects: | |
Online Access: | https://septentrio.uit.no/index.php/malbryting/article/view/6766 |
Tags: |
Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
|
Summary: | Forskingsspørsmålet denne artikkelen tek opp, er korleis morsdialekta, dialektene i familien og i nærområdet og ei oppfatning av standardtalemål kan påverke barn sine tidlege språkval. Artikkelen utforskar talemåla til tre barn over tid og diskuterer årsakene til språkvala dei gjer. I tillegg blir dei prosodiske draga og utviklinga av desse i talemåla til barna undersøkte. Dei to første informantane er jentene Sol og Snø, som det har blitt tatt opptak av i kvardagslege situasjonar då dei var 2;2–4;6 år. Den tredje informanten er Måne, veslebroren til Sol, som det har blitt tatt opptak av då han var 1;9–2;9 år. I tillegg har mødrene til barna bidratt med observasjonsdata. Som mor til Sol og Måne har eg hatt moglegheita til å samle inn data kontinuerleg, medan datamaterialet av Snø har blitt innhenta på tre tidspunkt med om lag eit års mellomrom. Ein kan høyre at alle tre barna har trekk frå morsdialekta, men det varierer i kor stor grad og kor lenge trekka blir bevarte. Faktorar som innputt frå besteforeldre og eldre sysken og periodar med fråvær frå barnehage, verkar å gje utslag på barna sine talemål. I tillegg er flytting til fars heimstad avgjerande for språkutviklinga til Snø. Vi kan også sjå at alle tre informantane, uavhengig av dialektene dei høyrer rundt seg, på ulike tidspunkt orienterer seg mot ei form for standardtalemål, kanskje formidla gjennom leik og lesing. Denne artikkelen kartlegg altså språkvala til desse barna og diskuterer korleis dei kan vere eit uttrykk for styrkeforholda mellom dei ulike agentane for språksosialisering.
|
---|---|
ISSN: | 1500-8576 2535-8308 |